Leigesoldat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein leigesoldat er ein soldat som gjer teneste for militærapparat i andre land enn sitt eige for pengar. Leigesoldatar er som regel ikkje rekna som stridande og har ikkje rett til å bli tekne som krigsfangar etter internasjonal folkerett.
Ifølgje Genèvekonvensjonane vert ein leigesoldat definert slik:
Ein leigesoldat er ein person som:
- (a) er særskilt rekruttert lokalt eller utanlands for å kjempe i ein væpna konflikt;
- (b) tek, faktisk, del i denne konflikten;
- (c) er motivert til å ta del i konflikten først og fremst for personleg forteneste, som faktisk er lova av, eller på vegne av ein part i konflikten, …;
- (d) er ikkje av nasjonalitet til ein av partane, ei heller bur i eit område under kontroll av ein part i konflikten;
- (e) er ikkje ein medlem av dei væpna styrkane av ein av partane i konflikten; og
- (f) har ikkje vorte sendt av ein stat som ikkje er del av konflikten på offisielt oppdrag for den staten.