Leddband
From Wikipedia, the free encyclopedia
Leddband eller ligament (frå latin ligamentum) er eit fiberaktig vev ein finn rundt ledd, og som har til oppgåve å forsterka leddet som samanbinding mellom to ulike bein. Utan leddband ville ledda lett gått ut av stilling. Leddband har stor strekkstyrke, men er likevel forholdsvis elastiske.