From Wikipedia, the free encyclopedia
Lech (latin Licus, Licca) er ei elv i Austerrike og Tyskland, og ei av sideelevene til Donau frå høgre med ei lengd på 264 km og eit nedslagsfelt på 4 126 km².
Lech | |||
elv | |||
Lech i Augsburg | |||
Land | Tyskland, Austerrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 126 km² | ||
Lengd | 264 km | ||
Middelvassføring | 200 m³/s | ||
Kjelde | Dei nordlege kalksteinsalpane | ||
• høgd | 1 865 moh. | ||
Munning | Donau | ||
• høgd | 392 moh. | ||
Lech 47.173611111111°N 10.003888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Lech (river) | |||
Ho har sitt utspring frå innsjøen Formarinsee i Alpane i den austerrikske delstaten Vorarlberg. Ho renn i retning nord-nordaust og kryssar grensa til Tyskland ved Lechfall, ein tolv meter høg foss, før ho går inn i eit smalt gjel (Lechschlucht). Ho går så innover Fussensletta i Bayern der ho tidlegare danna grensa til Schwaben. Ho renn gjennom byen Füssen og så ut i Forggensee. Her dannar ho elvestryk.
Elva renn vidare nordover gjennom eit område kalla Lechrain og gjennom byane Schongau, Landsberg, Augsburg (der ho renn saman med Wertach) og Rain, før ho renn ut i Donau like forbi Donauwörth. Det er ikkje mogeleg med transport på elva på grunn av dei strie straumane og stundom grunne grusparti. Frå Neuschwanstein-slottet, nær Füssen, kan ein få eit flott utsyn over Lechdalen.
Fleire gonger gjennom tidene har elvebreidda vore åstad for historiske hendingar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.