Lecco
kommune i Italia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Lecco er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Lecco i regionen Lombardia og har om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 50 km nord for Milano i enden av den søraustlege greina av Comosjøen. Foten av Alpane stig opp i nord og aust og Valsassina strekkjer seg gjennom dei og sørover mot Lecco.
Kjappe fakta Land, Region ...
Lecco | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Lombardia | ||
Provins | Lecco | ||
Areal | 45,14 km² | ||
Folketal | 46 871 (1. januar 2023) | ||
Postnummer | 23900 | ||
Retningsnummer | 0341 | ||
Lecco 45.85334°N 9.39048°E / 45.85334; 9.39048 | |||
Wikimedia Commons: Lecco | |||
Lukk
Elva Adda renn ut frå Comosjøen ved Lecco og det er bygd tre bruer over elva her: Azzone Visconti-brua (1336-1338), Kennedybrua (1956) og Alessandro Manzoni-brua (1985).
Hovudnæringa i byen var tidlegare basert på industri (jernframstilling).