From Wikipedia, the free encyclopedia
Lassus Mountains er ei stor fjellkjede, 15 nautiske mil (28 km) lang og 3 nautiske mil (6 km) brei, med ei høgd på 2100 moh. Ho strekkjer seg sørover frå Palestrinabreen nordvest på Aleksanderøya i Antarktis. Fjella ligg oppom Lazarev Bay og eit par mindre øyar i bukta som Dint Island og Umber Island. Haydnfjorden ligg sør for Lassus Mountains medan Havre Mountains ligg like nord. Truleg vart fjella først sett 9. januar 1821 av den russiske ekspedisjonen under Fabian Gottlieb von Bellingshausen. Det vart fotografert av lufta i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) men kartlagde som fjell nær Havre Mountains. Dei vart først kartlagd i detalj frå flyfoto tekne under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Orlandus Lassus (1532-94), ein belgisk komponist.
Lassus Mountains | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
• høgd | 2 100 moh. | ||
- koordinatar | 69°35′S 71°38′W | ||
Lengd | 28 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Lassus Mountains 69.5833°S 71.6333°W | |||
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Lassus Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.