![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/df/Light_Amplification_by_Stimulated_Emission_of_Radiation.jpg/640px-Light_Amplification_by_Stimulated_Emission_of_Radiation.jpg&w=640&q=50)
Laser
From Wikipedia, the free encyclopedia
Laser er ein teknikk for å senda ut lys med lik bølgjelengd og lik fase. Dette vil seia at lyset som regel er einsfarga, koherent, har sterk intensitet og går i éin retning. Ein lager laserlys gjennom stimulert emisjon frå ulike stoff. Ordet «laser» er ei forkorting for Light Amplification by Stimulated Emission of Radiation.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/df/Light_Amplification_by_Stimulated_Emission_of_Radiation.jpg/640px-Light_Amplification_by_Stimulated_Emission_of_Radiation.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/69/Laser_spectral_lines.svg/640px-Laser_spectral_lines.svg.png)
Laserlys er smale stråler sett saman av tilnærma parallelle lysstråler som kan avgrensast i rommet og styrast med stor presisjon. Det gjer at ein kan få svært høg temperatur ved å fokusera laserstrålen i på eit punkt, og slik bruka laser til presis skjering eller merking i ulike materiale. Ein laser kan senda ut kontinuerlege stråler eller lyspulsar som kan avgrensast til femtosekund[treng kjelde].
Den første brukbare laseren blei laga av Theodore Maiman i 1960. Teknikken blir i dag brukt innan vitskap, medisin, industri, underhaldning og i dagleglivet til mellom anna cd og dvd-avspeling, innan optisk kommunikasjon, i laserpeikarar og laserskrivarar.