norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Lars Knutson Liestøl (fødd 13. juni 1839 i Åseral, død 15. desember 1912 i Kristiansand) var ein norsk lensmann, gardbrukar og politikar for partiet Venstre. Liestøl var statsråd og sjef for Revisjonsdepartementet frå 5. mars 1888 til 22. februar 1889 i Johan Sverdrups regjering. Frå oktober til desember 1888 leidde han også Indredepartementet. Knut Larsson Liestøl og hustru Gyro Grundesdotter var foreldra hans. Knut Liestøl var ein brorson.
Lars Knutson Liestøl | |||
| |||
Fødd | 13. juni 1839 Åseral | ||
---|---|---|---|
Død | 15. desember 1912 (73 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Liestøl vart innvald til Stortinget i heile ti periodar, første gong i 1874. Han døyde før han tok fatt på sin tiande periode. Mesteparten av tida var han medlem av justiskomiteen.
Liestøl var sterkt engasjert i målsaka, og var i 1885 med å vedta jamstillinga mellom dei to målformene i landet.[1]
« | Eg kan ikkje længre halde det ut med at skriva Dansk, fyredi Tankarne verde so
innesnørde som ei turka Næver. |
» |
—Brev frå Lars Liestøl til faren Knut Larson Liestøl i 1865[2] |
Liestøl var lensmann i Bygland frå 1866 til 1888 og hadde rydningen på garden Frøysnes frå 1870. Han sat i Bygland heradsstyre i 36 år og var ordførar i bygda i tolv år. Han hadde i tillegg ein rekkje lokale offentlege verv.
Han var sjølvlærd i engelsk språk, og studerte engelsk og særskild amerikansk historie. Han hadde også særskilde evner for teikning.
Han vart i 1899 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.