Langfoss
From Wikipedia, the free encyclopedia
Langfoss er den 16. høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Han ligg på sørsida av Åkrafjorden i Etne kommune i Vestland. Fossen er ein del av Vaulaelva. Europaveg 134 kryssar fossen like over utløpet i fjorden. I 1980 vart det vedteke i verneplan for vassdrag at fossen skulle verta verna mot vasskraftregulering i sommarsesongen mellom 1. mai og 30. september. I ei utviding av verneplanen vart det den 18. februar 2005 vedteke at fossen skal renna fritt heile året.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Langfoss | |||
foss | |||
Langfossen er vorte kåra til verdas venaste foss Foto: Frode H. Korneliussen | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Etne | ||
Fossetype | Kaskade | ||
Elv | Vaulaelva | ||
Totalt fall | 612 m | ||
• Lengste fall | 612 m | ||
• Midla breidd | 76 m | ||
Tal på fall | 1 | ||
Status | Verna | ||
Verdsrangering | 49. høgaste i verda. | ||
![]() Langfoss 59.844444444444°N 6.3388888888889°E / 59.844444444444; 6.3388888888889 | |||
Wikimedia Commons: Langfossen | |||
Lukk
På bakgrunn av omgjevnadar, volum, høgd og lett tilgjenge har nettstaden World Waterfall Database har kåra Langfossen til den vakraste i verda.