Langeleik er eit klimpreinstrument frå norsk folkemusikk. Det har ein lang, tynn resonanskasse, med eller utan botn, og eit varierande tal strengar. Opphavleg blei leiken kalla langspel.

Kjappe fakta Klassifisering, Hornbostel-Sachs klassifisering ...
Langeleik
Thumb
Klassifiseringklimpreinstrument, verkelege bordsiterar med resonanskasse
Hornbostel-Sachs klassifisering314.122-6
Lukk

I nyare instrument er det vanleg å ha éin melodistreng og sju eller åtte akkompagnementstrengar. Tidlegare hadde ein færre, vanlegvis fire slike strengar.

Den eldste langeleiken me kjenner til er frå Vardalsåsen ved Gjøvik, og er inskribert med årstalet 1524. Instrumentet og bruken av det var spreidd over heile landet, heilt nord til Finnmark. Men den levande ubrotne bruken av instrumentet er berre å finne i Valdres.

Lankeleiken er og var spelt mest på av kvinner, og instrumentet er gjerne kjend for å spela lydarslått, sjølvsagt spelar ein òg andre ting på instrumentet, men det lagar ikkje så mykje lyd som t.d hardingfela eller trekkspelet. Så difor er instrumentet tradisjonelt lite nytta til å spela opp til dans.

Langeleiken er i slekt med ei rekkje andre siterinstrument som ein finn over nesten heile verda, som monokord, hummel, siter og appalachian dulcimer.

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.