![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/52/Fluberg-Dokka-Norway-HH.jpg/640px-Fluberg-Dokka-Norway-HH.jpg&w=640&q=50)
landskapet Land
From Wikipedia, the free encyclopedia
60°50′N 10°10′E Land er eit landskap i Innlandet fylke og er fellesnamn på dei store jordbruks- og skogtraktene omkring nordre del av Randsfjorden og oppover mot Valdres og Vestre Gausdal. Administrativt er området delt inn i kommunane Nordre-Land og Søndre Land. Det gamle Land herad vart delt i Nordre og Søndre Land 1. januar 1848.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/52/Fluberg-Dokka-Norway-HH.jpg/640px-Fluberg-Dokka-Norway-HH.jpg)
Foto:
Halvard Hatlen
Riksveg 35 fører gjennom distriktet. Det meste av busetnaden finst langs Randsfjorden og i dei to hovuddalane som munnar ut i nordenden. Der dei to dalane møtest, ligg den største tettstaden, Dokka, administrasjonssenter i Nordre Land kommune, med betydeleg industri. Også Hov, administrasjonssenter i Søndre Land kommune har atskilleg industri. Land utgjer saman med Hadeland eit tingrettsdistrikt og eit prosti.