![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1f/Junior_Eurovision_Participants.svg/langnn-640px-Junior_Eurovision_Participants.svg.png&w=640&q=50)
Land i Junior Eurovision Song Contest
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Land i Junior Eurovision Song Contest gjev oversyn over land som har delteke i Junior Eurovision Song Contest. Sidan tevlinga starta i 2003 har 37 land vore med i Junior Eurovision Song Contest (tal frå 2015). Av desse har ti vunne tevlinga. Junior Eurovision Song Contest, som er organisert av Den europeiske kringkastingsunionen, vert arrangert årleg.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1f/Junior_Eurovision_Participants.svg/640px-Junior_Eurovision_Participants.svg.png)
Tevlinga er open for alle aktive kringkastingsmedlemmar i Den europeiske kringkastingsunionen. For å vere aktivt medlem må kringkastaren vere i Det europeiske kringkastingsområde eller i eit av medlemslanda til Europarådet. Kven som kan delteke er ikkje bestemt av den geografiske plasseringa innanfor kontinentet Europa, til tross for «Euro» i «Eurovision» – han har heller ikkje ein direkte samband med Den europeiske unionen. Fleire land som geografisk ligg utanfor grensene til Europa har delteke: Israel som ligg i Midtausten og Kypros og Armenia som ligg i Vest-Asia. I tillegg har fleire transkontinentale land, som berre har ein del av territoriet sitt i Europa, delteke: Russland, Georgia og Aserbajdsjan. I 2015 deltok Australia i Oseania i tevlinga, trass i at landet ligg utanfor Det europeiske kringkastingsområde, ikkje er medlem av Europarådet og ikkje er aktivt medlem i Den europeiske kringkastingsunionen.