From Wikipedia, the free encyclopedia
Lagtinget var det eine av to kammer som det norske Stortinget vart delt i under handsaming av lovframlegg fram til 1. oktober 2009. I tillegg var det Lagtinget som saman med Høgsterett sine domarar dømde i riksrettssaker (Grl. § 86). Lagtinget vart utgjort av ein firedel (42) av Stortinget sine 169 representantar (Grunnlova § 73).
Lagtingets si handsaming av lovsaker gjekk føre seg i ein eigen lagtingssal.
Den 20. februar 2007 vedtok Stortinget å oppheva ordninga med Odelsting og Lagting. I staden skal alle saker handsamast av eit samla Storting. Endringene vart verksame den 1. oktober 2009. Samstundes opphøyrde Lagtinget si rolle i riksretten. I staden skal Stortinget velja ut lekdomarar til riksretten, i tillegg til fem høgsterettsdomarar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.