La Brabançonne
From Wikipedia, the free encyclopedia
La Brabançonne (fransk for «Songen om Brabant») er namnet på nasjonalsongen i Belgia. Då Belgia er trespråkleg, ligg teksten føre i tre offisielle versjonar, på fransk, på nederlandsk (De Brabançonne) og på tysk (Das Lied von Brabant), der den nederlandske og tyske versjonen er gjendiktingar av den franske teksten, skriven i 1860 av Charles Rogier (1800-1885). Han var ein belgiske politikar, fødd i den franske byen Saint-Quentin av belgiske foreldre, og ein av leiarane under den belgiske revolusjonen (oppreisten) i 1830, som tok til i Bruxelles (Brussel) og endte i at Belgia vart ein eigen stat uavhengig av det sameinte nederlandske kongedømet. Berre eit av versa i songen han skreiv er den offisielle nasjonalsongen.
Partitur til La Brabançonne frå ikring 1910. | |||
Nasjonalsong for | Belgia | ||
---|---|---|---|
Tekst | Alexandre Dechet og Constantin Rodenbach (opphavleg versjon, 1830) Charles Rogier (noverande versjon, 1860) | ||
Musikk | François van Campenhout, September 1830 | ||
Teken i bruk | 1860, noverande tekst i 1921 | ||
Lyddøme |
Den belgiske operasongaren og musikaren François Van Campenhout (1779-1848) har stått for melodien. Ein opphavleg tekst, som gjekk ut or bruk etter at Charles Rogier kom med sin versjon, var skriven av den franske skodespelaren Hypolite Louis Alexandre Dechet (1801-1830), som gjekk under namnet Jenneval, og vart drepen under kampar i nærleiken av Lierre under den belgiske revolusjonen i 1830. Songen hans, som fyrst hadde tittelen la Bruxelloise, seinare la Brabançonne, skal ifølgje mytane ha vorte skrive under eit møte på kafeen L'Aigle d'Or («Gullørna») og sungen for fyrste gong i september 1830.