From Wikipedia, the free encyclopedia
Alcarria (spansk La Alcarria) er eit naturleg område sentralt i Spania. Det strekkjer seg hovudsakleg over provinsen Guadalajara, men òg inn i Cuenca og Madrid. Området er kjent for dyre- og plantelivet her, og særleg honningen som vert dyrka og for ein spesiell sort sau.
Dei mest kjende byane i regionen er Almonacid de Zorita, Brihuega, Cifuentes, Guadalajara, Illana, Jadraque, Mondéjar, Pastrana, Sacedón, Trillo og Villalba del Rey.
La Alcarria er eit slags platå i Sistema Ibérico. Laget som dannar dette platået er lett bølgjande. Platået består av kalkstein og gips sidan det ein gong har vore havbotn (i mesozoikum). Den raude sandstein og konglomerata er danna seinare. Over dette sedimentære berglaget har elvane grave ut djupe og ofte breie dalar, kløfter og mange andre karstfenomen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.