song frå 2013 med Marco Mengoni From Wikipedia, the free encyclopedia
«L'essenziale» (italiensk for Den viktige) er det italienske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på italiensk av Marco Mengoni. Songen er skriven av Marco Mengoni, Roberto Casalino og Francesco De Benedettis.
«L'essenziale» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2013 | |||||
Land | Italia | ||||
Artist(ar) | Marco Mengoni | ||||
Språk | italiensk | ||||
Komponist(ar) | Marco Mengoni, Roberto Casalino og Francesco De Benedettis | ||||
Låtskrivar(ar) | Marco Mengoni, Roberto Casalino og Francesco De Benedettis | ||||
Resultat | |||||
Italia i Eurovision Song Contest | |||||
|
«L'essenziale» vart fyrst framført av Marco Mengoni 12. februar 2013 under 63° Festival della Canzone Italiana di Sanremo 2013. I finalen 16. februar 2013 vann songen med 36 prosent av røystane i den siste delen av tevlinga, og det vart samstundes annonsert at Mengoni ville representere Italia i Eurovision Song Contest 2013.[1] 18. mars 2013 vart det annonsert at «L'essenziale» vil vere det italienske bidraget.[2] Sist gong Italia sendte vinnarsongen i Festival della Canzone Italiana di Sanremo til Eurovision Song Contest var i 1997. Sidan Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige var direktekvalifiserte til finalen slapp Italia å kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Italia fekk delta i finalen 18. mai 2013 i Malmö Arena.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.