![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4e/Lakmos_%2528Peristeri%2529_mountain%252C_Epirus%252C_Greece_01.jpg/640px-Lakmos_%2528Peristeri%2529_mountain%252C_Epirus%252C_Greece_01.jpg&w=640&q=50)
Lákmos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lákmos (gresk Λάκμος) er eit fjell i den austlege delen av Ioánnina og den vestlege delen av Tríkala i Hellas. Fjellet er ein del av fjellkjeda Píndos og har ei høgd på 2 295 moh. Det høgaste punktet heiter Tsoukaréla (Τσουκαρέλα). Fjellet er om lag 30 km langt og 15-20 km breitt. Elva Árakhthos renn i vest, Metsovítikos i nord og kjelda til Akhelóos ligg i aust. I sør renn Kalarrýtikos og Melissourjítikos i sørvest.
Kjappe fakta Land, Område ...
Lákmos Λάκμος | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Ípiros | ||
Høgd | 2 295 moh. | ||
Koordinatar | 39°41′N 21°07′E | ||
![]() Lákmos 39.683333333333°N 21.116666666667°E / 39.683333333333; 21.116666666667 | |||
Wikimedia Commons: Lakmos | |||
Lukk
Frå toppen kan ein sjå dei austlege områda av Ioánnina heilt til dalen langs Aóos (Vjosë), byen Ioánnina og Pamvótidasjøen. Ein kan òg sjå dei vestlege områda av Tríkala og Piniósdalen.