Fyr
sjømerke med lys / From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit fyr er eit sjømerke med lys til å rettleie navigasjon på havet. Fyra sender ut lys frå eit system av lamper og linser. Saman med andre innretningar som gjev synlege og elektroniske signal utgjer fyra eit system til å rettleie trafikken til havs og langs kysten. Det finst felles internasjonale merkesystem som dei maritime nasjonane følgjer.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ec/Eigeroy_lighthouse.jpg/220px-Eigeroy_lighthouse.jpg)
Foto: Roar Johansen
I dag er totalt 107 anlegg definert som fyrstasjonar i Noreg. Ansvar for fyrlys og seglmerke i Noreg ligg hos Kystdirektoratet.