![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/89/GeorgeHeberJonesHonoluluMethodistChurch.jpg/640px-GeorgeHeberJonesHonoluluMethodistChurch.jpg&w=640&q=50)
Kyrkjelyd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein kyrkjelyd (av norrønt lýðr, 'folk') er folk som er til stades ved ei gudsteneste i kyrkja eller som soknar til ei kyrkje.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/89/GeorgeHeberJonesHonoluluMethodistChurch.jpg/640px-GeorgeHeberJonesHonoluluMethodistChurch.jpg)
I den siste tydinga kan ordet brukast i ei vid tyding, og omfatte alle medlemmene i soknet, eller det kan brukast i ei snevrare tyding, om ein «kjernekyrkjelyd», det vil seie dei personane som plar søkje til kyrkja eller som er aktive innan det kristelege arbeidet i kyrkjelyden.
Orda forsamling eller menigheit blir, etter mønster frå svensk og dansk, ofte brukt synonymt med omgrepet kyrkjelyd.