art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvitbrystmaurvarslar, Taraba major, er ein stor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Taraba.
Kvitbrystmaurvarslar | |
Foto: Bertrando Campos | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Kvitbrystmaurvarslar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Taraba |
Art: | Kvitbrystmaurvarslar T. major |
Vitskapleg namn | |
Taraba major Vieillot, 1816 |
Utbreiingsområdet er i den neotropiske regionen i det sørlege Mexico, Mellom-Amerika, Trinidad og Tobago og Sør-Amerika ned til nordlege Argentina og søraustlege Brasil.
Han lever i kratt, kakaoplantasjar og sitrusplantasjar og nokre gonger i hagar, med ein preferanse for tett undervegetasjon. Dei er vanlegvis funne som revirbundne par. Hoa legg to, iblant tre, kvite, gråflekka egg i eit djupt koppforma reir i ein busk. Egga blir ruga av begge kjønn i 14 dagar til klekking. Etter nye 12 dagar er ungane flygedyktige.
Kvitbrystmaurvarslar er ein stor og særeigen maurfugl, typisk 20,3 cm lang, og veg 56 gram. Han har fjørtopp på hovudet, kraftig nebb med krok i enden, og sterkt raudfarga augering. Den vaksne hannen har svart overside, med to kvite vengeband og kvit underside. Det er ein kvit flekk på ryggen som han normalt skjuler, men som han kan vise som eit trugsmål. Unge hannar er lik dei vaksne, men har raudbrune vengedekkarar. Hofuglar har rikt raudbrunt i oversida og kvit underside.
Kvitbrystmaurvarslar et insekt og andre leddyr som han plukkar frå bladverket. Det vil òg ta små øgler og pattedyr. Det er ein støyande art, som kan lokaliserast etter songen sin, 30-40 musikalske puk-puk-puk tonar, eller ein snerrande churrrr.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.