Kvernsteinsbrota i Hyllestad
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvernsteinsbrota i Hyllestad i Ytre Sogn er det eldste og eit av dei største produksjonsområda for kvernsteinar (møllesteinar) i Noreg, med nærare 400 steinbrot. Den naturlege føresetnaden for kvernsteinsproduksjonen var bergarten granatglimmerskifer. Steinbrota ligg frå strandsona langs Åfjorden og opp til ca. 200 moh., men dei aller fleste ligg mindre enn ein kilometer frå sjøen og næraste utskipingshamn. Produksjonen av kvernsteinar går tilbake til vikingtida, ca. 800-talet, og strekker seg heilt fram på 1900-talet. I vikingtida og mellomalderen vart kvernsteinane forma og hogd ut direkte frå fast fjell, og i fleire av steinbrota står det enno att kvernsteinar som aldri vart løyste frå berget.
Den storstilte produksjonen har sidan vikingtida bidrege til å endre det opphavlege landskapet. Fleire stader ligg steinbrot og haugar med produksjonsavfall så tett at den opphavlege topografien ikkje lenger er synleg. To utskipingshamner er også registrert. Der ligg store mengde kvernsteinar og ballaststein i sjøen, og vitnar om lastinga og lossinga som ein gong gjekk føre seg. Til saman utgjer alle spora i kvernsteinslandskapet eit unikt og omfattande kulturminne som med spor etter ei meir enn 1200 år gamal bergverksverksemd. Frå 1600-talet og framover begynte produksjonen i Hyllestad å minke. I nyare tid vart også ein ny teknologi teken i bruk i kvernsteinsbrota – utvinning ved hjelp av krut. Denne produksjonen heldt fram til 1930.