From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvalstranding vil seie at ein kval, eller ofte fleire kvalar, sym med så stor fart inn mot ei strand at dei vert liggjande oppe på turre landet og ikkje kjem seg ut i vatnet att ved eiga hjelp. Kva som er årsaka til at dette går føre seg, er ikkje kjent, og teoriane om dette er mange. Men det er konstatert at kvalstrandingar har skjedd i samband med bruk av militære sonarar, og difor er det reist mistanke om at lydpulsane som sonarane sender ut i vatnet, kan vere skadelege for fiskeyngel, fisk, sel og kval. Truleg kan lågfrekvent sonar med høgt kjeldenivå vere farleg for fisk og og havdyr, men korleis og kor mykje dei vert påverka, har det hittil ikkje vore råd å finne ut av.
Stranda kvalar vil etter kvart døy og rotne. Presset av dei stinkande gassane som dannar seg i kvalbuken under rotninga kan føre til at kvalen sprekk på eksplosjonsarta vis.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.