Ei firkantkurve er ei kurveform som periodisk vekslar mellom to nivå. Ei perfekt firkantkurve ville ha uendeleg stor bandbreidd,[1] så fysiske storleikar, som spenning, straum, lydtrykk osv. er perfekte firkantkurver. Ei firkantlydbølge vert av dei fleste opplevd som hard og noko ubehageleg, ikkje ulikt lyden som oppstår når ein bles hardt i til dømes ein trompet.
|
|||||
Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. |
Bruk
Firkantkurver spelar ein sentral rolle i matematiske fag som digital signalhandsaming, telekommunikasjon, kybernetikk, osv. Klokkesignalet i digitale krinsar er tilnærma firkantkurver, med konstant frekvens. Binære signal i digital elektronikk endrar òg verdi svært snøgt og har steile flankar, men tidspunktet for nivåendringane avheng av informasjonen dei representerer, så dei er ikkje reine firkantkurver. Eit anna døme på praktisk bruk er linjekodar, som til dømes manchesterkoding, som vert nytta for å overføra bitsekvensar i basebandet.
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.