![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/77/Kurt_Nilsen_live_at_Ravnefest_2013.jpg/640px-Kurt_Nilsen_live_at_Ravnefest_2013.jpg&w=640&q=50)
Kurt Nilsen
norsk musikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kurt Erik Nilsen (fødd 29. september 1978) er ein norsk songar, låtskrivar og internasjonal popstjerne frå Arna i Bergen.
Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Kurt Nilsen | |||
![]() | |||
Fødd | 29. september 1978 (45 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bergen | ||
Fødenamn | Kurt Erik Nilsen | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1996– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Plateselskap | 19 Recordings, RCA Records | ||
Verka som | songar, musikar, låtskrivar, gitarist, plateartist | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets hit, Spellemannprisen for årets hit |
Lukk
Han vann den norske versjonen av Idol i 2003. Singelen «She's So High» gjekk rett opp på førsteplass på VG-lista og var den mestselgjande singelen i Noreg gjennom tidene. Songen vart òg kåra til årets låt under Spellemannprisen 2003. Debutalbumet I hadde mykje sjølvskrive materiale og vart ein ny suksess. Året etter vann han ein ny Spellemannpris for årets hit med songen My Street.
Kurt Nilsen vann World Idol-tittelen 1. januar 2004. Der slo han konkurrentar frå 10 andre nasjonar og fekk høgste poengsum hjå 10 av 11 nasjonar.
Kurt Nilsen er i tillegg vokalist og rytmegitarist i bandet Fenrik Lane.