![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bd/Isabelle_Delobel_%2526_Olivier_Schoenfelder_EX_Lift_-_2007_Europeans.jpg/640px-Isabelle_Delobel_%2526_Olivier_Schoenfelder_EX_Lift_-_2007_Europeans.jpg&w=640&q=50)
Kunstløp
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kunstløp er skeiseløp der anten individuelle utøvarar, eller kvinner og menn i par eller i grupper, utfører piruettar, hopp og andre øvingar på is, vanlegvis til musikk. Kunstløp er offisiell grein i vinterolympiadar, og det vert dessutan tilskipa verdsmeisterskap og andre internasjonale og nasjonale kunstløpkonkurransar.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bd/Isabelle_Delobel_%26_Olivier_Schoenfelder_EX_Lift_-_2007_Europeans.jpg/640px-Isabelle_Delobel_%26_Olivier_Schoenfelder_EX_Lift_-_2007_Europeans.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/66/Edgar_and_Madge_Syers.jpg/320px-Edgar_and_Madge_Syers.jpg)
Kunstløp vert òg synt fram som rein underhaldning i form av ofte store og påkosta framsyningar der mange profesjonelle utøvarar tek del.
Til kunstløp vert det nytta særleg utforma kunstløpsskeiser der skeisestålet har ei avrunda form i framkant.