From Wikipedia, the free encyclopedia
Kurkijoki (russisk Куркиёки, svensk Kronoborg, finsk Kurkijoki) er ein tettstad i Lakhdenpokhja rajon i russisk Karelia. I 1996 hadde han 1 220 innbyggjarar.
Før 1944 var Kronoborg ein finsk kommune i Viborgs län. I 1939 hadde denne 10 032 innbyggjarar.
I nødsåra 1867–1868 byrja svensktalende nybyggere frå Österbotten å slå seg ned i Kronoborg. Dei grunnla ei ny bygd ved namn Sorjos (finsk Sorjo) inni skogen. Mot hundreårsskiftet utgjorde nybyggjarane ein koloni på rundt 200 personar. Kolonien var lenge ei svensk språkøy i det elles finskspråklege Karelen. Sorjos hadde eigen svenskspråkleg skule i åra 1890–1940.
I Kronoborg låg den finskspråklige Kronoborgs högre landtbruksläroverk.
Elisenvaara var eit viktig jernbaneknutepunkt i Kronoborg. Det vart bomba under den finske framhaldskrigen den 20. juni 1944. Over hundre menneske døydde då bombene trefte eit tog med karelske flyktningar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.