Krigen mot terror
From Wikipedia, the free encyclopedia
Krigen mot terrorisme eller kampen mot terror er ei nemning for krigshandlingar, og dessutan tilfangetaking og rettsforfølging av sivile personar, leia av USA og dei næraste allierte med grunngjeving i å nøytralisera ein vag kategori av land og grupper som vert sett på som ein trussel mot USA og dei allierte sin tryggleik. Termen vart lansert av dåverande president George W. Bush i etterkant av Terroråtaka 11. september 2001. Sjølv om termen ikkje lenger vert brukt av Det kvite huset har kampanjen i stor grad vorte vidareført av president Barack Obama.
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Krigen mot terror | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Partar | |||||||
Hovedsakelig: USA Storbritannia m.fl. |
Al-Qaida m.fl. | ||||||
Styrkar | |||||||
Hussein-irakiske styrkar: Under invasjonenen (2003):
~ 70 000 (2007)
~ 60 000 (2007) ~ 1300 (2006)
~ 1000 (2008) | |||||||
Tap | |||||||
Militære tap: ~25 500 drepne 51 600+ sårede |
Militære tap: Irak: Sivile tap: Irak: |
Krigen mot terrorisme pågår mellom anna i Afghanistan, Filippinane, Indonesia, Irak, Israel og Russland.
USA utpeikte i 2002 Iran, Nord-Korea og Irak til å inngå i det dei kalla vondskapens akse. Etter det amerikansk-leidde angrepet på Irak har sistnemnde vorte fjerna frå kategorien. Saman med land som Libya, Syria og til tider òg land som Cuba og Venezuela, omtalast desse av USA som «land som støttar terrorisme».[treng kjelde]
Mange menneskerettsorganisasjonar har kritisert krigen mot terror, fordi dei meiner den fører til at statane som fører krigen støttar udemokratiske regime som er deira taktiske allierte, og fordi det skjer menneskerettsbrot i fengsla der angivelege terroristar haldast løynleg, utan lov, dom eller tilgjenge til forsvarar. I USA meiner ei aukande mengd politikarar at sider ved krigen mot terror som Homeland Security Act undergrev amerikanske borgarar seg grunnlovsbestemte rettar og trugar demokratiet. Difor har president Bush hatt vanskar med å skaffa det fleirtalet han ynskjer for å få denne loven fornya.[9][10]
Rapporten «Cost of Major U.S. Wars» anslo i juli 2010 at krigen mot terror (sidan 11. september 2001) har kosta USA 1,15 billionar dollar (i overkant av 7,25 billionar norske kroner: Justert i tilhøve til inflasjon, er dette den dyraste krigen sidan andre verdskrig.[11]
President Barack Obama i USA (2009–2017) har nokre gonger avvist termen "krigen mot terror" som villeiande og upresis. Det same gjeld uttrykket "global".[12] Han erklærte 23. mai 2013 at den globale krigen mot terror var over, og han sa at militære og etterretning ikkje ville drive krigføring på taktisk nivå, men heller fokusere på spesifikke nettverksgrupper som hadde klare mål i øydelegging av USA.[13] Den 28, december 2014, annonserte Obama-administrasjonen slutten på dei militære operasjonane frå USA i Afghanistan..[14] På hausten same året, kom Den islamske staten til syne som terrormakt i Midt-Austen, og Obama måtte setje i gang den sokalla "Operasjon Inherent Resolve".
President Donald Trump sa under valkampen at "ein må "ta ut" familien til terroristane når dei seier at dei ikkje bryr seg om eige liv" Då han vart spurd om kva han meinte med å "ta ut", sa han at ein måtte utsletta heimane deira og "der dei kom ifrå" [15]
Dersom ein med vilje angrip ikkje-stridande, er dette eit alvorleg brot på Genèvekonvensjonane og andre aspekt ved internasjonal lov.[16] Jonathan Russell, leiar for den antiradikaliseringspolitiske tankesmia Quilliam, åtvara mot at Trump sin antimuslim-retorikk vile hjelpe ISIL til å få meir stød og radikalisere fleire muslimar. [17]