Krinsløpssystemet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Krinsløpssystemet, òg kalla sirkulasjonssystemet eller berre sirkulasjonen, er det organsystemet som lèt blodet gå rundt i lekamen. Hos mennesket er det blod, blodårer og hjartet som utgjer krinsløpssystemet. Det er tett forbunde med respirasjonssystemet, både anatomisk og funksjonelt.
Hjartet er ein hol muskel som pumpar blod. Det finst tre hovudslag av blodårer; pulsårer, vener og kapillærar. Pulsårer leier blodet ut frå hjartet, vener fører det attende. Kapillærar sit i overgangen mellom pulsårer og vener. Dei er dei minste blodårene og det er i dei utvekslinga av oksygen, karbondioksid, næring og avfallsstoff mellom blod og vev skjer.
Ein kan dele opp krinsløpssystemet i to hovuddelar; lungekrinsløpet og systemkrinsløpet. Systemkrinsløpet kan òg delast opp i fleire delkrinsløp.