Krengjetog er eit jarnbanetog for passasjerar, der kvar av vognene (og lokomotivet dersom det ikkje er eit motorvognsett) er utstyrt med mekanismar som gjer at vognkassene lutar seg innover i svingane, medan boggiane med hjula ligg på skjenene på vanleg vis.

Thumb
Skisse som syner skilnaden mellom påverknaden på passasjerane i eit krengjetog på ei rett strekning og i ein sving.
Thumb
Krengjetog som kjem ut av ei kurve. Sjå skilnadene på lutinga mellom framparten og bakparten på togsettet.

Krengingsmekanismane forskyver vognkassa med passasjerane gjennom svingen på same viset som ein syklist gjer ved å lene seg og sykkelen innover i ein sving. Dei sidekreftene som elles ville ha gjort at passasjerane kjente farta som plagsam, vert såleis redusert, og toget kan køyre med høg fart gjennom svingen utan at det vert for utriveleg for passasjerane. Tanken med å utstyre toga med kreningsmekansimer er difor å kunne setje opp farta på gamle og krokute jarnbaneliner, då både skjenegangen og toga toler mykje høgare fart enn det passasjerane i eit vanleg tog gjer.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Krengjetog

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.