art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Krattmaurvarslar, Thamnophilus caerulescens, er ein sporvefugl i maurfuglfamilien med eit uvanleg utval av fjørdrakter. Han er vidt utbreitt i det sentrale Sør-Amerika.
Krattmaurvarslar | |
Hannfugl i Horto Florestal de São Paulo, Brasil Foto: Dario Sanches | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Krattmaurvarslar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Thamnophilus |
Art: | Krattmaurvarslar T. caerulescens |
Vitskapleg namn | |
Thamnophilus caerulescens Vieillot, 1816 |
Krattmaurvarslar er kraftig fugl med ei total lengd på ca. 14-16 cm.[1] Eit karakteristisk trekk for fjørdrakta er at ho er særs varierande med dei mange underartane som finst. Hannen har svarte venger med grå kantar, nokre gonger svært smale kantar, og knapt synleg i underartar der hannane er først og fremst svarte. Dei har kvite vengeband som kan virke flekka, spesielt på mindre vengdekkfjører. Halen er svart med kvite kantar, best synleg frå undersida. I dei austlege, sentrale og sørlege underartane, er brystet og det meste av hovudet grått, oversida grå med varierande mengder av svart, kan vere nesten heilt svart, ein dels skjult kvit flekk mellom skulderblada, og krona er svart. Den svarte krona er redusert i nordaustlege Brasil. Variasjonen i farge på buken og undergumpen er svært samansett, og varierer frå kvit hos nokre underartar, over grå hos andre, til djup kanelfarge. Hannfuglen av den vestlege underarten T. c. melanochrous frå Andesfjella i Peru er slåande ulik, jamt over svart bortsett frå det kvite på vengene og halen. Hannen av underarten T. c. aspersiventer i Andes i nordvestlege Bolivia og tilstøytande Peru, nærmar seg T. c. melanochrous i farger, men har tette kvite strek over buken.
Hoer er like variable. Blant dei fleste er vengene gråsvarte til brune med raudlege vengekantar, og kvite eller gulbrune vengeband, ofte ganske flekka. I nordaustlege Brasil er likevel vengebanda sterkt reduserte, og i populasjonen i Ceará manglar dei i hovudsak. Halen minner om den på hannane, men er ofte meir brunleg. Undersida er rikt oransje-kanelfarga, hos nokre underartar strekkjer oransjefarga seg så langt opp som brystet, men hos dei fleste er brystet bleikt brunleg eller grått. Ryggen er brun og hovudet er reint grått eller lyst gråfarga, medan dei fleste underartane har ei brun krone, som likevel er svart i delar av det sentrale Brasil og i Andesfjella blant underartane T. c. melanochrous og T. c. aspersiventer. Blant alle underartar har begge kjønn grå bein og eit kraftig nebb som er grått under, med gråsvart overside. Nokre underartar kan lett forvekslast med andre Thamnophilus-maurvarslarar, men desse skil seg konsekvent med dei breie kvite kantane på tertiærfjørene.
Krattmaurvarslar lever vidt i austlege og sørlege Brasil, med åtskilte populasjonar i Ceará, Pernambuco og Alagoas. Frå sørlege Brasil, utvidar utbreiingsområdet seg ned gjennom Uruguay, Paraguay, nord i Argentina, Bolivia, og langs den austlege skråninga av Andesfjella i Peru, så langt nord som til Amazonas-regionen.[1]
Dei har eit breitt spekter av habitat i tett til lett skogsterreng, frå kanten av fuktig skog til tørr skog. I store delar av utbreiingsområdet kan dei treffast i låglandet, men dei er først og fremst funne i låge fjellskråningar i det nordaustlege Brasil,[1] og er avgrensa til høglanda opp til 2600 moh., lokalt til 3000 moh. gjennom ein stor del av den andinske utbreiinga.[2]
Dette er ein generelt vanleg art og blir dermed rekna å vere livskraftig av BirdLife International[3] og IUCN. Underarten T. c. cearensis i nordaustlege Brasil er avgrensa til ein region med omfattande habitatøydelegging, og denne statusen kan gje grunn til bekymring.
Når det gjeld åtferd, er dette ein typisk Thamnophilus-maurvarslar. Dei er generelt funne einskildvis eller i par på låge nivå, ofte i tett kratt. Følgjeleg kan det ofte vere vanskeleg å gjere gode observasjonar.[4] Han lever hovudsakleg på insekt og andre leddyr. Frø og frukt har òg vorte rapportert. Når dei et kan dei vippe regelmessig med halen og blafre med vengene. Hekkinga er sesongbetont, men nøyaktig tidspunkt er avhengig av regionen. Reiret er vove koppforma, vanlegvis plassert ganske lågt. Begge kjønn rugar på dei 2-3 egga.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.