Kråkebolle
klasse av pigghudingar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kråkebolle eller sjøpiggsvin viser til havlevande dyr av klassen Echinoidea. Dei har ulike former, men er ofte rundvorne med piggete hud. Dyra er dekt av ti rekkjer med plater som går frå pol til pol; fem av platene har sugeføter. Munnen sit på undersida og endetarmsopninga på toppen.
Sjøpiggsvin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Deuterostome dyr Deuterostomia |
Rekkje: | Pigghudingar Echinodermata |
Klasse: | Sjøpiggsvin Echinoidea Leske, 1778 |
Raud eller vanleg kråkebolle (Echinus esculentus) er den vanlegaste kråkebollen langs norskekysten.
Sjøpiggsvin med flatklemd eller langstrekt kroppsform blei før kalla irregulære sjøpiggsvin, men dei tilhøyrer ulike ordenar og er inga eiga systematisk gruppe. Dei blir ofte kalla sjømus på norsk.