![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/fc/Kotelnyy_Bunge_Faddeyevsky_MODIS.jpg/640px-Kotelnyy_Bunge_Faddeyevsky_MODIS.jpg&w=640&q=50)
Kotelnyjøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjappe fakta Land, Del av ...
Kotelnyjøya | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Anzjuøyane | ||
Areal | 23 200 km² | ||
Folketal | 0 | ||
![]() Kotelnijøya 75.438888888889°N 138.82666666667°E / 75.438888888889; 138.82666666667 | |||
Wikimedia Commons: Kotelny Island | |||
Lukk
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/58/NEWSIB2Kotel.png/640px-NEWSIB2Kotel.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/72/NEWSIB2Bung.png/640px-NEWSIB2Bung.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2e/NEWSIB2Fadd.png/640px-NEWSIB2Fadd.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/65/RussiaKotelniy.png/220px-RussiaKotelniy.png)
Kotelnyjøya (russisk Остров Котельный) og Faddejevskijøya (О. Фаддеевский) er namn på to delar av ei øy i Anzjuøyane, ei undergruppe av Nysibirøyane i Russland. Dei vert ofte oppførte som to separate øyar på mange kart. Ei flat, lågtliggande slette knyter dei to delane saman. Denne sletta vert kalla Bunge Land (Бунге Земля; Bunge Zemlja).
Som ei enkelt øy er Kotelnyj/Bunge/Faddejevskij ei av dei 50 største øyane i verda.[1] Øyane høyrer til republikken Sakha og er nesten heilt folketomme.
- Kotelnyjøya utgjer den største delen av gruppa med eit areal på 11 665 km². Ho er berglendt og det høgaste punktet er 374 meter over havet ved Malakatyn-Tas. Tsjukotsjia er ei elv som renn vestover og munnar ut i Laptevhavet. Det totale arealet på heile øya, inkludert Bunge Land og Faddejevskij er 23 165 km².[2]
- Bunge Land ligg mellom Kotelnyj og Faddejevskij og er sandete og flat. Ho dekkjer eit område på 6200 km². Sidan ho berre ligg 2 til 12 meter over havet vert ho stundom oversvømd under stormflod, bortsett frå eit lite området sørvest på øya som ligg 11 til 21 meter over havet. Bunge Land er kalla opp etter den russiske zoologen og oppdagaren Aleksander von Bunge.[1]
- Faddejevskij er ei stor halvøy som strekkjer seg austover. Trass i at ho er stor er ho relativt flat og det høgaste punktet er berre 65 meter over havet. Ho har eit areal på 5300 km². Faddejevskij er kalla opp etter pelsjegeren Faddehev som bygde den første busetnaden her.