![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/43/Ivan_Bilibin_Koshchey.jpg/640px-Ivan_Bilibin_Koshchey.jpg&w=640&q=50)
Kosjtsjej
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kosjtsjej (russisk skrift Коще́й) er ifølge slavisk folkeminne ein mannleg antagonist som kidnappar kona til helten i soger. Ingen av dei kjende sogene beskriv utsjånaden hans. Illustrasjonar framstiller han derimot som ein veldig gammal og stygg mann. Namnet hans stammar truleg frå ordet kost (rus. кость, pol. kość), som tyder «bein» og kan tyde på at han har ein skjelettaktig utsjånad.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/43/Ivan_Bilibin_Koshchey.jpg/640px-Ivan_Bilibin_Koshchey.jpg)
Kosjtsjej kan ikkje drepast ved å øydeleggje kroppen hans. Sjela hans er gøymd i ei nål, i eit egg, i ei and, som er i ein hare, som er i ei kiste nedgraven under eit grønt eiketre på øya Bujan ute på havet. Så lenge sjela hans er trygg, kan han ikkje døy. Om kista blir graven opp og opna, vil haren prøve å rømme, om han blir drepen, vil anda prøve å fly vekk. Den som endeleg får egget i si hand har Kosjtsjej i si makt.