art av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Kortnebbgås (Anser brachyrhynchus) er ei gås som hekkar på Aust-Grønland, Island og Svalbard. Det er og hekkeområde på vestsida av Novaja Semlja.[1] Ho er trekkfugl, overvintrar i nordvestre Europa, spesielt Storbritannia, Nederland og vestlege Danmark.
Kortnebbgås | |
Kortnebbgås | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av kortnebbgås | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Anser |
Art: | Kortnebbgås A. brachyrhynchus |
Vitskapleg namn | |
Anser brachyrhynchus Baillon, 1834 |
Dette er ei mellomstor gås, den minste av dei grå gjæsene i slekta, 60–75 centimeter lang, vengespenn 135–170 cm, og dei veg frå 1,8 til 3,4 kilogram. Ho har eit kort nebb, lysrosa i midten med ein svart base og svart nebbspiss, og rosa føter. Kroppen er mellomgråbrun, hovud og nakke i sterkare, mørkare brunt, undergumpen er kvit, og halen i grått og kvitt. Dei øvre vengedekkarane har ei noko bleik blågrå farge liknande grågåsa, og vengefjørene mørk grå. Arten er nærast i slekt med sædgås, Ansar fabalis, deler eit liknande fargemønstra nebb, men er ulike i farge på nebb og bein kor sædgåsa er oransje, og bleikare, med gråare fjørdrakttonar. Kortnebbgåsa er klårt mindre enn nominatforma av sædgåsa, og omtrent i same storleik som underarten A. f. rossicus. Kortnebbgåsa er spesielt vokal i flukt, lætet deira er høgfrekvente, nesten øyredøyvande[2] gink-gink. Hofuglane skil seg frå hannar og ungfuglar med ein djupare nasal onk-onk tuting.[3]
Det er to i stor grad åtskilte populasjonar av kortnebbgås. Bestanden på Grønland og Island overvintrar i Storbritannia, medan hekkefuglane på Svalbard overvintrar i Nederland, Belgia og Danmark, i små tal òg i Noreg. Hausttrekket frå Svalbard går over fastlands-Noreg i september og oktober, vårtrekket frå mars til mai. Trekket går over Austlandet til Trondheimsfjorden, der dei brukar fleire rasteplassar. Neste rasteområde på vårtrekket er i Vesterålen. Rasting i Trøndelag er relativt nytt for arten, medan Vesterålen har vore i bruk lenge.[4]
Bestanden har auka oppsiktsvekkjande dei siste 50 åra, i hovudsak på grunn av auka vern mot skyting på overvintringsområda. Tal på overvintring i Storbritannia har nesten tidobla frå 30 000 i 1950 til 292 000 i oktober 2004. Tala for Danmark og Nederland har òg auka, hekkepopulasjonen på Svalbard hadde dobla seg frå 1980-talet til 2005.[4] Den viktigaste einskildståande hekkestaden Þjórsárver på Island vart først oppdaga i 1951, i 1970 var hekkepopulasjonen der på 10 700. I Storbritannia ligg dei viktigaste overvintringsområda i Norfolk, 147 000 individ i 2004, Lancashire med 44 000 i 2004, og Aberdeenshire har hovudsakleg gjennomtrekk. Store til enorme flokkar beitar på dyrka mark. Einskilde flokkar kan vere særs store, som til dømes 66 000 ved Loch of Strathbeg, Aberdeenshire i byrjinga av september 2003.[2][5][6][7]
Hekking skjer i bratt terreng nær isbrear for å gje vern mot rovdyr som fjellrev, òg på holmar i innsjøar. På Svalbard inne på tundraen og på holmar og øyer ute ved kysten.[8] Dei hekkar parvis eller i små koloniar. På Island tar egglegging og ruging til frå tidleg til midten av mai, på Svalbard mot slutten av mai. Kullstorleiken er tre til seks egg, normalt fire, hoa rugar aleine i 26–27 dagar. Etter klekking følgjer ungane foreldra til fots ved kysten, og dei blir flygedyktige etter ca. 56 dagar. Sørgåande trekk skjer frå midten av september til byrjinga av oktober, og nordover frå midten av april til byrjinga av mai.[2]
Dietten er nesten heilt vegetarisk. Om sommaren et dei eit breitt spekter av tundraplantar, både på land og i vatn. Om vinteren beitar dei primært på raps, sukkerroer, potetar og ulike grasartar. Avlingsskadar kan bli omfattande, men spesielt kan beiting på sukkerroer og potetar redusere overføring av sjukdomar på avlinga frå eit år til det neste.[2]
Trass nærleiken til store flokkar av overvintrande fuglar i Storbritannia, er det berre svært få kortnebbgjæser i Irland og Frankrike. Dei er sjeldne gjestar til fleire andre europeiske land så langt sør som Marokko og Kanariøyane, i tillegg til det austlege Canada og USA, frå Newfoundland sørover til Pennsylvania.[5][9]
Kortnebbgåsa er ein av artane som vert omfatta av avtalen om vern av afrikanskeurasiatiske trekkjande vassfuglar, AEWA.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.