Kopaonik
fjellkjede i Serbia og Kosovo / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kopaonik (serbisk Копаоник) er eit av dei største fjellområda i Serbia. Det ligg sentralt i Serbia og nordaust i Kosovo. Den høgaste toppen, Pančić er 2017 meter over havet.
Ein nasjonalpark på 118,1 km² dekkjer sentrale område av Kopaonik-platået og vart oppretta i 1981. Fjellet er det lengste i Serbia, meir enn 100 km.