Kongsberg Sølvverk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kongsberg Sølvverk var eit gruveselskap som kong Christian IV skipa i 1624 for å utnytte sølvførekomstane i Kongsbergområdet, som det var sett i gang gruvedrift på i 1623. Med unntak av somme avbrot, var Kongsberg Sølvverk i gang fram til 1958. Frå 1624 til 1958 produserte dette sølvverket til saman om lag 1350 tonn sølv.
For å take vare på dei mange spora etter meir enn tre hundre år med gruvedrift, vart gruvenettverket på omtrent 30,6 km2 freda som kulturmiljø i 2003. Området er rekna for å vere av stor nasjonal og internasjonal verdi.[1]