From Wikipedia, the free encyclopedia
Konge av romarane (latinsk Romanorum Rex) vart nytta av dei tysk-romerske keisarane etter at dei hadde vorte stadfesta som keisarar, men før dei hadde vorte krona av paven. Tittelen må ikkje forvekslast med dei mytiske kongane av Roma.
Denne funksjonen byrja seint i den saliske perioden, men tittelen hadde allereie vorte brukt så tidleg som i ottoske tider, særleg av keisar Henrik II, då han erstatta tittelen konge av tyskarane (latin Rex Teutonicorum), som impliserte ein keisarleg rolle som på dette tidspunktet vart avvist av paven.
Han vart òg brukt som tittel for ein arving til keisartrona som vart vald medan keisaren framleis levde.
Etter kroninga som heilag romersk keisar (og nokre gonger før det) vart tittelen erstatta med det keisarlege semper Augustus («alltid Augustus», eller «alltid majestetisk», «alltid opphøgd», «alltid større», frå lat. augere).
Ikkje alle som vart vald til konge av romarane vart krona til keisar.
Dei følgjande var regjerande kongar av romarane, altså menn som styrte riket utan å vere underlagt ein annan herskar, men som ikkje enno hadde vorte krona til keisar.
Konge | Vart konge | Slutta å vere kongen | Anna | |
---|---|---|---|---|
Dato | Årsak | |||
Otto III | 983 | 996 | krona keisar | |
Henrik II | 1002 | 1014 | krona keisar | |
Konrad II | 1024 | 1027 | krona keisar | |
Henrik III | 1039 | 1046 | krona keisar | |
Henrik IV | 1056 | 1084 | krona keisar | |
Rudolf | 25. mai 1077 | 15 . okt. 1080 | død | Antikonge |
Hermann | 6. aug. 1081 | 28. sept. 1088 | død | Antikonge |
Henrik V | 1105 | 1106 | i opposisjon til Henrik IV | |
1106 | 1111 | krona keisar | ||
Lothar III | 1125 | 1133 | krona keisar | |
Konrad III | 1127 | 1135 | i opposisjon til Lothar | |
1138 | 1152 | død | ||
Fredrik I | 1152 | 1155 | krona keisar | |
Henrik VI | 1190 | 1191 | krona keisar | |
Fredrik II | 1197 | 1197 | abdiserte | |
Filip | 1198 | 1208 | død | |
Otto IV | 1198 | 1208 | i opposisjon til Filip | |
1208 | 1209 | krona keisar | ||
Fredrik II | 1212 | 1220 | krona keisar | |
Henrik Raspe | 22. mai 1246 | 16. februar 1247 | død | Antikonge |
Vilhelm av Holland | 1247 | 28. januar 1256 | død | Antikonge |
Konrad IV | 1250 | 1254 | død | |
Richard av Cornwall | 1257 | 1272 | Aldri effektiv herskar av Tyskland | |
Alfonso av Castile | 1257 | 1275 | Antikonge til Richard, aldri effektiv herskar av Tyskland | |
Rudolf I | 1273 | 1291 | død | |
Adolf | 1292 | 1298 | avsett and killed | |
Albert I | 1298 | 1308 | død | |
Henrik VII | 1308 | 1312 | krona keisar | |
Fredrik the Fair | 1314 | 1322 | i opposisjon til Ludvig IV | |
1326 | 1330 | i lag med Ludvig IV | ||
Ludvig IV | 1314 | 1328 | krona keisar | |
Karl IV | 1346 | 1347 | i opposisjon til Ludvig V | |
1347 | 1355 | krona keisar | ||
Wenceslaus | 1378 | 1400 | avsett | |
Rupert | 1400 | 1410 | død | |
Jobst av Mähren | 1410 | 1411 | død | i opposisjon til Sigismund |
Sigismund | 1410 | 1411 | andre valt | i opposisjon til Jobst |
1411 | 1433 | krona keisar | ||
Albert II | 1438 | 1439 | død | |
Fredrik III | 1440 | 1452 | krona keisar | |
Maximilian I | 1493 | 1508 | tok keisartittelen |
Det tysk-romerske riket var eit valrike. Ingen personar hadde ein lovleg rett til å ta over trona, sjølv om han var i slekt med den noverande keisaren. Keisaren kunne, og gjorde ofte det, han ein slektning (som regel son), som han valde til å etterfølgje seg etter han døydde. Denne utpeikte arvingen bar tittelen «konge av romarane». Valet av denne var på same måte som den eldre herskaren, og tydde teoretisk sett at dei to mennene var medregentar av riket.
Dei følgjande var underordna kongar til ein annan tysk-romersk keisar (vanlegvis, men ikkje alltid, for far sin).
Namn | Dato tiltredd | Dato avslutta | Årsak | Forhold | Regjerande keisar |
---|---|---|---|---|---|
Otto II | 961 | 7. mai 973 | etterfølgd som konge (keisar 967) | son | Otto I |
Henrik III | 1028 | 4. juni 1039 | etterfølgd som konge (keisar 1046) | son | Konrad II |
Henrik IV | 1053 | 5. oktober 1056 | etterfølgd som konge (keisar 1084) | son | Henrik III |
Konrad | 1087 | April 1098 | avsett | son | Henrik IV |
Henrik V | 6. januar 1099 | 1105 | etterfølgd som konge (keisar 1111) | son | Henrik IV |
Henrik Berengar | 30. mars 1147 | 1150 | død | son | Konrad III |
Henrik VI | 1169 | 10. juni 1190 | etterfølgd som konge (keisar 1191) | son | Fredrik I |
Fredrik II | 1196 | 28. september1197 | etterfølgde og abdiserte (via regentskap) 1197 valt til konge (med opposisjon) 1212 Keisar 1220 | son | Henrik VI |
Henrik (VII) | 1220 | 4. juli 1235 | avsett | son | Fredrik II |
Konrad IV | 1237 | 13. desember 1250 | etterfølgd som konge | son | Fredrik II |
Wenceslaus | 10. juni 1376 | 29. november 1378 | etterfølgd som konge | son | Karl IV |
Maximilian I | 16. februar 1486 | 19.. aug.ust 1493 | etterfølgd som konge (keisar 1508) | son | Fredrik III |
Ferdinand I | 5. januar 1531 | 3. mai 1558 | etterfølgd som Keisar | bror | Karl V |
Maximilian II | 28 November 1562 | 25. juli 1564 | etterfølgd som Keisar | son | Ferdinand I |
Rudolf II | 27. oktober 1575 | 12. oktober 1576 | etterfølgd som Keisar | son | Maximilian II |
Ferdinand III | 22. desember 1636 | 15. februar 1637 | etterfølgd som Keisar | son | Ferdinand II |
Ferdinand IV | 31. mai 1653 | 9. juli 1654 | død | son | Ferdinand III |
Josef I | 23. januar 1690 | 5. mai 1705 | etterfølgd som Keisar | son | Leopold I |
Josef II | 27. mars 1764 | 18. august 1765 | etterfølgd som Keisar | son | Francis I |
Då Napoleon I av Frankrike hadde ein son og arving, Napoleon II, fekk han tittelen konge av Roma.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.