Konfliktar mellom India og Pakistan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det har vore fleire opne konfliktar mellom India og Pakistan sidan Delinga av Britisk India i august 1947, då dei to landa blei oppretta. Sjølve delinga var følgt av valdelege hendingar i begge land, og tilhøvet mellom dei var prega av mistru frå byrjinga. Konfliktar om territorium og makt har seinare avla open konflikt fleire gonger.
India og Pakistan har hatt tre store krigar, ein mindre krig og fleire væpna trefningar. Bortsett frå krigen mellom India og Pakistan i 1971, som dreidde seg om Aust-Pakistan (noverande Bangladesh), har krigsårsaken for dei andre krigane vore den omstridde regionen Kashmir. Dei to landa har også påtala kvarandre for å støtta terroristar eller opprørar på den andre sitt territorium, i nokre høve med rette. Landa har også gått gjennom eit våpenkappløp i utviklinga av atomvåpen.