From Wikipedia, the free encyclopedia
Kolsås er ein ås i Bærum kommune i Akershus fylke. Åsen endar i stup mot sør. Herfra er det en god utsikt over østre Bærum, Asker, Oslo, Oslofjorden og områda lenger unna. Namnet Kolsås kjem av kol og ås. Kolsås har to toppar: Nordre Kolsås (387 moh.) og Søndre Kolsås (342 moh.). Kolsås ligg i eit landskapsvernområde, sjølve stupa og tre andre område i nærleiken er naturreservat. Kolsås er eit populært turområde.
Kolås | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Kommune | Bærum kommune | ||
Høgd | 387 moh. | ||
Kolsås 59.933333333333°N 10.516666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Kolsåstoppen, Bærum | |||
Geologisk er Kolsås en del av Oslofeltet og har ein særs interessant geologi. Det er truleg den mest besøkte lokaliteten i Noreg.
Kolsås har det største klatrefeltet i Oslo-området. Klatringa skjer mest i sørveggen. Sørveggen av Kolsås har to bratte veggar over kvarandre, med noko skog i mellom. Nedre Sydstup blei klatra første gong på byrjinga av 1900-talet. I dag er Øvre Sydstup mest populært, med over 200 ruter med ulike vanskar. Kolsås har ein eigen klatreklubb, Kolsås Klatreklubb.
I 1930 blei Bærumsbanen forlenga til Kolsås. A/S Bærumsbanen var då eit eige selskap, oppretta i 1924. I 1944 blei Bærumsbanen innlemma i Oslo Sporveier, og strekninga frå Nationaltheatret stasjon til endehaldeplassen Kolsås fekk namnet Kolsåsbanen.
Stasjonane på Gjettum og Hauger er greie utgangspunkt for turar på Kolsås.
Kolsås leir har eit stort fjellanlegg. Tidlegare var dette tilhaldsstaden for NATOs nordkommando. Etter at den kalde krigen var over flytta NATO ut og m.a. FLO (tidlegare Hærens forsyningskommando) og Akershus Kommandantskap tok over leiren.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.