Kodal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Kodal | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold | ||
Kommune | Sandefjord | ||
Areal | 0,63 km² | ||
Folketal | 1 070 (2023) | ||
Folketettleik | 1 698 / km² | ||
Postnummer | 3243 KODAL | ||
Kodal 59.213611°N 10.140556°E / 59.213611; 10.140556 | |||
Wikimedia Commons: Kodal | |||
Lukk
Kodal er ein tettstad, ei bygd og eit kyrkjesokn i Sandefjord kommune i Vestfold. Tettstaden har 1 070 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg elleve kilometers køyring sør for tettstaden Andebu.
Høyjord, Kodal og Andebu utgjorde tidlegare Andebu kommune, som 1. januar 2017 blei slått saman med Stokke og Sandefjord kommunar.
Her ligg barneskulen Kodal skole, og staden har daglegvarebutikk, bensinstasjon, barnehage og idrettsanlegg. Kodal kyrkje frå kring år 1100, ligg på Prestebøen 2,5 km nordvest for sentrum i tettstaden.