From Wikipedia, the free encyclopedia
Koalesens er ein prosess der to eller fleire dropar eller partiklar slår seg saman ved kontakt til å danne ein enkel drope (eller boble). Dette kan skje i mange prosessar, frå meteorologi til astrofysikk. Til dømes er prosessen viktig både i danning av regndropar, og i danning av planetar og stjerner. Koalesens er og eit uttrykk som blir brukt i sveising, der to (eller fleire) metall blir sveisa i saman.
Innan meteorologi, spelar prosessen ei svært viktig rolle i korleis regndropar oppstår. Smådropar blir fanga av luftstraumane i skya og kolliderer med kvarandra og dannar større dropar. Når smådropane blir store og tunge nok til at oppdrifta ikkje lenger kan halde på dei vil dei falle ut av skya som regn. Når skytoppane er kaldare enn -40°C eller visst det er cirrusskyer i høgda over skya, kan iskrystallar som blir sådd inn i skya hjelpe på i danninga av regndropar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.