![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9b/Store_Knutsholstinden_2005.jpg/640px-Store_Knutsholstinden_2005.jpg&w=640&q=50)
Store Knutsholstinden
fjell i Vågå kommune / From Wikipedia, the free encyclopedia
Store Knutsholstinden er eit fjell i Vågå kommune i Innlandet. Med ei høgd på 2341 meter over havet er fjellet det 14. høgaste i Noreg. Fjellet ligg på ein høg rygg mellom Knutsholet mot aust og Svartdalen mot vest. Mot Knutsholet er tinden alpin, med store hengebrear.
Store Knutsholstinden | |||
fjell | |||
Sett frå nord, frå Raudhamran på Surtningssue | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Vågå (Innlandet) | ||
Fjellområde | Jotunheimen | ||
Høgd | 2 341 moh. | ||
Primærfaktor | 969 m | ||
Førstestiging | 13. juli 1875 (Johannes Thomassen Heftye, Knut Lykken, Gullik Gulliksen Lid) | ||
Koordinatar | 61°25′28″N 8°33′44″E | ||
![]() Store Knutsholstinden 61.429444444444°N 8.5702777777778°E / 61.429444444444; 8.5702777777778 | |||
Wikimedia Commons: Knutsholstinden | |||
På midten av 1800-talet vart Knutsholstinden sett på som ubestigeleg, og dessutan trudde enkelte at han den var Noregs høgaste fjell. Johannes Heftye si førsteklatring i 1875 vart sett på som ei stor bragd, og vart i samtida samanlikna med Slingsby si klatring av Storen. Mellom Slingsby og Heftye oppstod det eit kjensleladd, offentleg ordskifte, med nasjonalistiske undertonar. Som ei følgje av dette, og for å vise at Storen var eit enkelt fjell å klatre, fann Heftye ruta på Storen som seinare har vorte normalvegen, Heftye-ruta.[1]