![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/45/Sebastian_Kneipp.jpg/640px-Sebastian_Kneipp.jpg&w=640&q=50)
Kneippbrød
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kneippbrød er brød av sammale kveitemjøl og andre kornslag. Det er oppkalla etter den tyske presten og lækjaren Sebastian Kneipp (1821–1897),[1] som elles var kjend for sin «vasskur» (kneippkuren). Kneippbrødet kom til Noreg etter at forlagsbokhaldar Søren Mittet, fekk med seg brødoppskrifta etter eit kuropphald i Bayern. Baker Hansen i Oslo fekk i 1895 lisens frå dr. Kneipp til å baka og selja brødet. Namnet vart raskt kopiert av andre bakeri. Kneippbrød var òg eit av dei sentrale elementa i oslofrukosten, opphavet til den norske matpakkekulturen, som vart servert til alle skuleborn i Oslo-området frå 1935. Dr. Kneipps originale oppskrift inneheld meir grovt mjøl enn det som vert nytta i dagens kneippbrød.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/45/Sebastian_Kneipp.jpg/640px-Sebastian_Kneipp.jpg)
I dag et nordmenn mest brød i Europa og kneippbrødet er det desidert mest bakte brødet. Det vert selt over 60 millionar ferske kneippbrød i Noreg,[2] noko som tilsvarar at kvar nordmann et meir enn eitt kneippbrød i månaden.
Namnet kneippbrød er mest kjend i dei skandinaviske landa, men i dei senare åra har namnet dukka opp i Tyskland som ei verna varemerkeskildring på spesialbrød og –mjøl.
100 g kneippbrød inneheld om lag 10 g protein og 50 g karbohydrat og gjev 1000 kJ (240 kcal) energi.