pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Knøttspissmus (Sorex minutissimus) er eit pattedyr i spissmusfamilien, og det minste pattedyret i Noreg. Ho veg opp til fire gram og har ein fire centimeter lang kropp med ein to-tre centimeter lang hale. Ho lever i nordlege delar av Eurasia frå Noreg i vest[2] til den russiske stillehavskysten og Japan i aust[3] Det er uvisst kor stor og utbreidd bestanden i Noreg eigentleg er, då knøttspissmusa er vanskeleg å fanga og lett å oversjå. Ho føretrekkjer våt granskog med mykje mose, men kan òg finnast i myr og i tørr furuskog. Ho er insektetar og kan eta to til fem gonger kroppsvekta si på eit døgn. Ungane blir fødd i mai-august med opp til sju ungar i kvart kull.[3]
Knøttspissmus | |
Knøttspissmus | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av knøttspissmus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Eulipotyphla |
Familie: | Spissmus Soricidae |
Slekt: | Sorex |
Art: | Knøttspissmus S. minutissimus |
Vitskapleg namn | |
Sorex minutissimus Zimmermann, 1780 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.