Klikkelyd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Klikkelydar er konsonantar som blir danna ved at ein dreg luft inn i munnen og dannar sperringar, til forskjell frå dei fleste andre lydar som blir danna av ein luftstraum frå lungene. Lydane som blir danna på denne måten kan vera som klikk, smatt eller innsug. Dei blir brukt over store delar av verda som enkeltståande lydar, til dømes for å uttrykka at noko er synd, få dyr til å gå eller etterlikna hestar. Elles er dei uvanlege i språk, bortsett frå i sørlege Afrika, der dei finst i khoisanspråk og i enkelte bantuspråk, som zulu og xhosa.