Klaffelause eller diploiske vener (av latin venae diploicae) er store, tynnvegga og klaffelause blodårer som verkar som tappekanalar frå diploë gjennom det indre og ytre skalletaket i hovudskallen.[1] Dei fire hovudtypane av klaffelause vener, som finst på begge sider av hovudet, ligg rundt panna, fremre tinning, bakre tinning og bakhovudet. Dei tappar inn i s. durae matris, og er ferdig utvikla omkring to år etter fødsel.[1]

Thumb
Klaffelause vener i diploë. Det ytre skallelaget er fjerna.

Typar

  • Dei frontale venene ligg i pannebeinet og opnar inn i v. supraorbitalis og s. sagittalis superior.
  • Dei fremre venene i tinningen, som i hovudsak er avgrensa til pannebeinet, opnar inn i s. sphenoparietalis og inn i ein av dei djupe venene, v. temporalis profunda, gjennom ein apertur i den store kilebeinsvinga (ala major ossis sphenoidalis).
  • Dei bakre venene i tinningen ligg i issebeinet og sluttar ved s. transversus. Dei kjem gjennom ein apertur ved angulus mastoideus i pannebeinet, eller gjennom f. mastoideum.
  • Venene i bakhovudet er dei største. Dei er avgrensa til bakhovudbeinet, og opnar seg anten utvendig inn i venae occipitales, innvendig inn i sinus transversus eller inn i confluens sinuum.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.