Kløyv
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kløyv (engelsk cleavage) i mineralogien er tendensen til eit krystallinsk mineral til å kløyvast eller splittast langs bestemte krystallografiske strukturelle plan. Desse relativt svake plana skuldast at atom og ion i krystallen dannar glatte, parallelle flater som er synlege både i eit mikroskop og for det nakne auget.[1]
Nokre mineral er meir spaltbare enn andre, for eksempel glimmer, som har eit veldig tydeleg fint kløyv på tvers av krystallen. Kløyv må ikkje forvekslast med brot, som viser til eit mineral si evne til å dele seg i andre retningar enn kløyvretningane.