Kjærleik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjærleik er ei menneskeleg kjensle, vanlegvis retta mot eit anna menneske. Kjærleik er å vere glad i nokon. Mange vil seie at kjærleik er irrasjonell av natur, og difor vanskeleg å definere. Likevel er omgrepet delt inn i ulike former for kjærleik:
- Romantisk og seksuell kjærleik. Slik kjærleik finn ein vanlegvis mellom to personar, slik som eit ektepar eller eit kjærastepar. Kjenslene treng ikkje å vere like sterke båe vegar.
- Kjærleik til familiemedlem og venar. Dette er ei kjensle av nærleik og å vere sterkt knytt til ein annan, utan at det er romantiske eller seksuelle kjensler involvert.
- Kjærleik til ikkje-menneskelege ting. Dette er generelle og abstrakte kjensler for til dømes fedrelandet, Gud, ein jobb, ein by eller eit hus. Slik kjærleik kan vere knytt til gode minne, eller han kan forklarast med ei tru, moralsk overtyding eller indre harmoni.