From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjetil Borch (fødd 14. februar 1990 i Tønsberg) er ein norsk roar som representerer Horten Roklubb. Han vart verdsmeister 2013 i dobbeltsculler saman med Nils Jakob Hoff og europameister 2018 i singlesculler.
Kjetil Borch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. februar 1990 (34 år) Tønsberg |
Idrett | roing |
Tok del i | Roing under Sommer-OL 2012 – Dobbeltsculler menn, Roing under Sommer-OL 2016 – Dobbeltsculler menn, Roing under Sommer-OL 2020 – Singlesculler menn |
Borch og Nils Jakob Hoff rodde seg til ein fjerdeplass i dobbeltsculler VM 2010 på Lake Carapiro i New Zealand.[1] Dei representerte Noreg under sommar-OL 2012 i London, men greidde ikkje å kvalifisera seg frå semifinale til finalen.[2] Borch og Hoff gjekk deretter vidare til B-finalen, som dei vann[3] og enda på ein samanlagt sjuandeplass.[4] Under sommar-OL i Rio i 2016 tok Borch bronsemedalje i finalen i dobbeltsculler saman med makker Olaf Tufte.[1]
Under europameisterskapen 2018 i Glasgow rodde Borch inn til gullmedalje i singlesculler, 0,7 sekund framom Mindaugas Griškonis frå Litauen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.