Kjerag
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjerag er eit fjellplatå på sørsida av Lysefjorden i Forsand kommune i Rogaland fylke. Platået er eit kjent turistmål i regionen. Det høgaste punktet er 1110 meter over havet, men det er nordsida med eit fall på 984 meter ned til Lysefjorden som trekkjer til seg dei fleste turistane, inkludert mange basehopparar.
Kjappe fakta Land, Område ...
Kjerag | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Forsand (Rogaland) | ||
Høgd | 1 110 moh. | ||
Koordinatar | 59°01′22″N 6°34′12″E | ||
Kjerag 59.033055555556°N 6.5958333333333°E / 59.033055555556; 6.5958333333333 | |||
Wikimedia Commons: Kjerag | |||
Lukk
I vestre del av platået finst Kjeragbolten, som er ein 5 m³ stor stein. Steinen er kilt i ei kløft i fjellet 1000 m over Lysefjorden.
Turstien til Kjerag startar ved Øygardstølen – ein restaurant 640 m over Lysebotn. Ein gåtur inn til Kjerag kan ta noko over to timar kvar veg.