From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjøllefjord er ein tettstad i Lebesby kommune, nordaust i Finnmark. Staden har 836 innbyggjarar per 1. januar 2023. Tettstaden ligg inst i Kjøllefjorden, på vestsida av Nordkinnhalvøya, og er administrasjonssenteret i kommunen.
Kjøllefjord | |||
tettstad | |||
Kjøllefjord i juni 2015. | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Lebesby | ||
Areal | 0,45 km² | ||
Folketal | 836 (2023) | ||
Folketettleik | 1 858 / km² | ||
Postnummer | 9790 KJØLLEFJORD | ||
Kjøllefjord 70.945555555556°N 27.346388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Kjøllefjord | |||
Kjøllefjord er òg eit kyrkjesokn i Den norske kyrkja.
Kjøllefjord vart som resten av Finnmark rasert av den tyske krigsmakta då dei måtte trekkje seg attende frå området i 1944.
Hurtigruta har daglege anløp i Kjøllefjord.
Den viktigaste næringsvegen er fiske og fiskeindustri.
Verdas nordlegaste bokhandel er Nordkyn bok og papir i Kjøllefjord.[1]
Staden ligg mindre enn ein breiddegrad frå det nordlegaste punktet på det europeiske fastlandet, og han ligg tre lengdegradar frå Hornøya, det austlegaste punktet i Noreg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.